Pokker

Eg skulle gje meg no, gå vidare til andre ting, vekse ifrå det, men så lett var det tydelegvis ikkje.
På fredag skal eg kjøpe final fantasy III til min vetle, vakre nintendo ds.
At eg gler meg er å unerdrive, eg har vore vill av begeistring eit par månadar no, og spelet kom ut her i Europa i går.
For rundt eit år sidan sa eg at gamecube fekk vere den siste konsollen, etter den skulle det vere ingen fleire, men så kom ein redesigna ds, og, vel, eg hadde nesten ikkje noko val.
Wii sel berre betre og betre, og fleire storspel som metroid prime og eit nytt mario kjem i år.
Eg tenkte fyrst at den konsollen skal eg ikkje ha, eg går ikkje på den ein gong til, nintendo!, men dersom prisen er rimeleg, og eg har pengane....
Gaming krev litt økonomisk (men lang ifrå den dyraste hobbyen), og det ser ikkje tu til å vere noko du veks ut av ettersom åra går.
Eg er dømd til i alle fall ein del konsollgenerasjonar til med speling, og nintendo har eit ballegrep på pungen min. Pengepungen.
Pokker.