Eg har ferie
Rasterbering (på godt norsk) heiter det, og tenesta finn de her.
Lenge har eg tenkt at hybelen min har litt for store og tomme veggar, så eg greip sjansen, lasta opp eit bilete av min personlege Gud, og fekk vår godaste mamma til å printe ut 25 A4-ark til meg i smug på kommunen sin printer (hehe...).
Før:

Etter:
Hugs at kvar rute er eit A4-ark, så dette er ein ganske stor plakat.
Skal nok få det kjekt med å lime det heile saman, ja.
Prøv de òg!