torsdag, november 30, 2006

Oppdatering!

Eg flyttar op laurdag, då flyttar eg og meg, og i den anledning ynskjar eg meg pyntegjenstandar, kjøkenutstyr og alt som måtte likne.
Bilete, kanskje av Warhol eller nokon i den duren (ikkje ting de har funne i løa på Breidablikk).
Årets hemmelege ynskje: Eit sånt stort New York-bilete!

søndag, november 19, 2006

Julegåvelista mi for i år

Kva gjer ei god julegåve? Sjølv meiner eg det er ein ting som mottakaren sjølv ikkje visste han/ho hadde lyst på. Ei positiv overrasking, altså.
Eg har ingen spesielle ynskjer i år (berre ein ny hybel!!), så eg set opp nokre ting som ville vore kjekt å oppdaga i denne julas julestrømpe. Eg er klar over at det då ikkje vert nokon overrasking, så eg oppfordrar dykk til å tenkje kreativt (men helst innanfor lista, dersom eg ikkje har gløymt nokre ting eg sjølv ikkje veit eg har veldig lyst på). Uff, eg trur poenget mitt er at det ikkje er lett å kjøpe julegåver.

- Ny mobil (enkel og grei med kamera og sånt)
- Mp3-spelar? (eg veit eigentleg ikkje sjølv om eg har lyst på noko sånt, men det kan bli ei fin gåve)
- Wah wah-pedal/rytmepedal/effektbrett - det finst kombinasjonar (dette er noko eg eigentleg har veldig lyst på, men det er dyrt og eg har eigentleg ikkje noko særleg bruk for det, så kjøp om det ikkje er så dyrt så eg skulle ha det til å vere)(og det finnes ein Hendrix-pedal med effektane frå songane hans)
- Vaffeljern eller noko sånt hadde vore fint - overrask meg!
- Andre medieting som dvd/spel? (her må du vere ganske sikker på kjøpet ditt - hint: nintendo ds og filmar)
- Klede! (her går alt på grisen)
- Sjokolade og sånne gode ting! (tragisk nok er det berre eg som ikkje får sjokolade og sånne gode ting kvart år, til tross for at eg har mest romsleg mage - måla i appetitt, men kanskje det har noko med at eg gjev sjokolade til alle kvart år, og ikkje til meg sjølv. Då veit eg kva eg i alle fall skal få av meg sjølv i år)
- Bøker, type Loe eller andre forfattarar eg sjølv ikkje var klar over at eg likte (de kan heller få ei liste over sjangrar eg helst ikkje les: Fantasy, sci-fi, ja, og all slags sånne nerdete og keisame ting).
- Dersom de framleis ikkje veit råd, så har eg eit ganske hot tips; spel til gamcube: Metroid Prime 2: Echoes eller The Legend of Zelda: Twilight Princess (anbefalast).

Det er 9 ting nesten akkurat, og det er ikkje fare for at eg eigentleg ynskjer meg meir enn det som er nemnt ovanfor.