Ja, - reise. Det skal vere så enkelt det no for tida.
Ta ein helgetur til ein plass du kan slappe av med venner, kose deg med ein film, snakke, tulle, ja absolutt alt du vil, saman med venner.
Men, det er eit "men" der òg, turen har ein del å sei om du kjeme deg fram slik at du kan slappe av med venner, kose deg med ein film, snakke og tulle. Så reisa er ein ganske sentral ting der, som har mykje å seie.
Så at du kan stole på selskapet som kjøre deg, er vel ein forsikring på at du kan kose deg saman med vennenene dine. Så spørjesmålet mitt er då: Kan du stole på HSD, som er det selskapet me i Hordaland bruker mest? Kan me stole på hurtigbåtane? Om servitrisene på hurtigbåten seier at du skal av her, for å vente på neste båt, som i følge servitrisa kjem om to-tre minutt, kan du stole på det då? Det trudde eg. Heilt til eg måtte vente nærmare ein halvtime enn to-tre minutt.
Det er ikke lett å vere ung og "voksen" på ein hurtigbåt lenger. Spesielt ikkje om servitrisa som tar billettane er sur og gretten fordi du ser ut som du er voksen når du eigentleg er barn. Kanskje ho er sur fordi ho tok feil. Det kan vere kjekt å ha blitt sett på som voksen, det er berre det at det virker ikkje som om ho har tillit til deg, igjen berre fordi du ser ut som om du er eldre enn du eigentleg er.
Tenk at du var i min situasjon:
Du er altså 15 år, skal kjøpe billett hos ei gretten servitrise på ein hurtigbåt.
Du er høfleg, fordi det er i din natur å vere høfleg mot framande.
Medan servitrisa er småsur, frekk rett og slett,
enda ein gong berre fordi du ser eldre ut enn du eigentleg er.
Du seier kvar du skal. Ho svarer i voksenpris.
Du retter henne og seier at du er berre 15 år. Ho grynter.
Ho spør om du har ID-kort slik at om det skulle vere kontroll
kunne du bevise at du var under 16 år.
Du spør om du skal vise no,
slik at det ikkje skulle trenge å vere kontroll. Ho grynter igjen.
Ho siterer seg sjølv.
Du prøver å vere eit betre menneske, dvs du er framleis hyggjeleg.
Ho grynter eit par gonger medan du sett deg ned. Du prøver å oversjå henne.
Servitrisa går bort til ein mann, ein voksen mann,
som kom på båten på same plass som deg.
Ho grynter ikkje, ho er hyggjeleg.
Men du veit sanninga, - ho gryntar til deg.
Medan du sit der, undrar du på om det kan vere den same servitrisa som tok din billett.
Det kan ikkje vere den same. Ingen sjans. Ikkje ein sjans.
Den tida då ho va hyggjeleg mot lille deg er forbi.
Den er forbi.
Du er blitt ein ung voksen nå.