onsdag, mars 23, 2005

Ein påskekrim

Lars og Johan vakna ein tidleg sumarsdag i slutten av november, byrjonga av oktober.. Det var seint på kvelden endå klokka bare var 08:30. Sola skein, og kasta eit fantastisk skjær over den svarta nattehimmlen.

Johan og Lars var brødre. Dei kom frå ein stor søskenflokk på 24 stk. 13 gutar og 22 jenter. Det var Johan og Lars som måtte syte for å få pengar til familien, så dei jobba opptill 30 timar kvar dag. Foreldra deira som hadde vore døde i årevis hadde ikkje lenge igjenn å leva, og dette gjorde eit sterkt inntrykk på Johan og Lars, som elles var i strålande humør sjølv om dei var i dårleg humør, og dei var alltid glade sjølv om dei ikkje var glade. Dei var altså noko for seg sjølv.

Men så, denne sumarsdagen, skjedde det noko uvant. Klokka slo 12 tunge slag endå ho bare var 9. Kva kunne dette kome av? Var det eit teikn frå himmelen? Var det gud som viste seg gjennom det gamle bestefarsuret? Eller var det rett og slett bestefar som fant ut at han ville ut av uret (les skapet), og klarte ikkje å venta til klokka var 12? Eller er det rett og slett noko heilt anna?

Veit du svaret? Ring 45474948. Alle forslag vert premierte!