onsdag, mars 23, 2005

Den mystiske personen (Ein skikkelig påskekrim)

Det var skjærtorsdag, og det var mørkt, regnet plaska i dei små dammane som var utanfor. Eg, som heiter Truls, og to andre venner av meg var på den lille hytta som var onkel Bjarne sin. Me satt og spelte kort, høyrte på radio, om det var mulig, og rett og slett koste oss. Det var lys nesten over alt. Me likte det ikkje mørkt så det beste var å tenne lys. Ja, ja me satt og koste oss i alle fall, men plutselig bankte det på døra. Me hadde ikkje invitert noken fleire opp her. Me såg på kvarandre med eit stivt, redd blikk. Det banka igjen. Ingen av oss torde å opna døra. Me berre satt forskremt langt nedi den lille sofaen som onkel hadde kjøpt på loppemarkedet nere i Suldal. Det banka enda ein gong. Me vart berre enda meir forskremt. Eg ville hyle av full hals, men etter ein stor ettertanke tenkte eg at det var best å holde kjeften lukka. Me satt å venta på at det skulle slutta å banka. Kurt, Kjell og eg gjekk nærmare døra. Såg ut vinduet som var rett attmed døra. Ingen der. Me låste opp døra og såg ut. Ingen. Men kva var det? Det han ein lapp i ein pose på døra. Me tok han inn og låste døra igjen. Eg var den "heldig" som fekk opna posen og lesa lappen. På lappen sto det: Eg komme igjen i måro! Det er ikkje dåkas tur i natt! Hilsen draps-fantomet. Augene våras opna i forskrekkelse. Kva kunne dette vera? Ein trussel? Ein dårlig spøk? Alvor? Me satt lenge å undra kva det kunne vera. Men etter kvart vart me lei. Me vart søvnige også. Så me gjekk og la oss. Og prøvde å ikkje tenke på det, sjølv om det var vanskelig.


Forts.følger.