lørdag, mars 11, 2006

Korleis flosshatten fekk namnet sitt

No vil eg fortelje ei lita historie, så pakk dykk inn i næraste yndlingspledd og les godt etter.
Det var ein gong ein mann med namnet Flo. Han var ein mann med stor kjærleik for hattar, men den underlege formen på hovudet hans, ein biologisk skyskrapar, var eit stort handicap, og av denne grunn var Flo ein sørgeleg gammal mann med heller ein heildekkjandes hårfrisyre.
Men ein dag fekk Flo ein idè. Det var ein fantastisk idè, ein brilliant idè, der han enkelt og greitt berre laga ein hatt litt høgare enn kva som var normalt på den tida.
Den høge hatten forma som eit genialt sylinder var noko kvar mann og kvinne på gata bemerkja seg, og mange sa når Flo kom struttandes ned gata, strålande nøgd over å endeleg gå med hatt:
-Sjå der er Flos hatt!! Eller: -Der kjem han Flo, høg i hatten!
Etter kvart vart dette ein mote og den nyaste trenda. Alle skulle ha ein floshatt, og Flo vart verdas lukkeligaste mann.
Dette er ei historie som har gått frå hattemakar til hattemakar, men i dei siste tider vorte litt gløymt.
Så kvar gong ein ser ein flosshatt skal ein tenkje på Flo - mannen med ein draum og eit merkeleg hovud.

1 Comments:

Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

Einkvar med litt under hatten skjønar at det er noko som med tida, sidan folk er så late at dei ikkje gidder å uttale det med ein s, så dei slengjer likså godt på ein til og får ein dobbelkonsonant, sidan det passar med språkets utvikling.

søndag, mars 12, 2006 1:06:00 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home