lørdag, mars 19, 2005

Påskekrim.
Unge Herr Ketil sat i sin komfortable kontorstol, sjølv om den tilhøyrte Faderen og ketil ikkje hadde rett til å skriva at den var hans, og høyrte på det musikalske mesterverket "Oh Darlin" av supergruppa Beatles. Dette var ein ting han ikkje så ofte gjorde, sidan sannsynligheten for at desse to aktivetane med det innholdet skulle utførast samtidig er liten, men likevel så gjorde han då dette. Og plutseleg, ut ifrå skyane (oversatt frå engelsk) , sjølv om han ikkje kunne sjå skyane, sidan det var mørkt ute (passande stemning), så høyrte han ein mystisk lyd.
Spørsmålet som alle stiller seg er då: Kvifor er denne lyden her, og kva formål har den?
Hans mangel på datakunnskapar hindrer han i å leggje ut ein link som fører til denne songen, men viss du skulle finna ut kva lyd det er, så lovast det stor belønning. Gode greier!

10 Comments:

Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

lyden forekommer på slutten av songen.

lørdag, mars 19, 2005 11:01:00 p.m.  
Blogger Øystein said...

Eg trur det må vera Breidablikk-skrømtet som er ute med fantestrekane sine igjen. Ein gong tidleg om morgonen på Tysnes, når Britt hadde reist ein eller annan viktig stad, høyrte eg at kaffitraktaren sto og trakta kaffi lenge før Knut var truande til å stå opp. Så underlige lydar er det berre å forsona seg med.

For øvrig er eg stolt over å vera den fyrste som kommenterer her på denne bloggen!

søndag, mars 20, 2005 10:56:00 a.m.  
Blogger Knut Rage said...

Sjølv om innehavaren av bloggen finn det for godt å kommentera eigne innlegg så ser eg fram til ein artig blogg

søndag, mars 20, 2005 2:01:00 p.m.  
Blogger Jorunn Rage said...

Hei Ketil, så artig at du har lagt ein egen blogg! Denne skal eg følga med på :) Me snakkast i påsken.

søndag, mars 20, 2005 6:20:00 p.m.  
Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

Me gjer da?

søndag, mars 20, 2005 7:37:00 p.m.  
Blogger Hanna said...

Eg trur da berre va eit piggsvin.

mandag, mars 21, 2005 12:46:00 a.m.  
Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

Nei, her er det nok snakk utsekulerte politikere med ein trang til å gå med trange bukser.

mandag, mars 21, 2005 6:14:00 p.m.  
Anonymous Anonym said...

eg trur d e ein blikkboks så har fått skikkelig bank av de andre blikkboksane som mobbe han.. mhm.. d e nok d ja..

mandag, mars 21, 2005 6:20:00 p.m.  
Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

Du ser det på blikket hans?

mandag, mars 21, 2005 6:26:00 p.m.  
Anonymous Anonym said...

ja, me kjem til Tysnes på torsdag, kanskje til Breidablikk først. I mellomtida skal eg mora meg i kassen på ICA.

I dag hadde me besøk av Ingvild, Øystein og Victoria. Eg er så stolt av å vera tante til eit så nydelig barn:) sukk. Ekte tantelykke. Mads syntes det var litt skummelt med ein så liten person i hus.

mandag, mars 21, 2005 8:55:00 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home